Om
Norges vakreste høgfjellscruise! ( Gavekort kjøper du HER 🎁🎁🎁 )
MB Fjellvåken, køyrer dagleg tur/retur
Skinnarbu – Mogen, på Møsvatn,
frå 28. juni til 1. september 2024.
Bli med på ei historisk rute som har ført generasjonar av fot turistar, hyttefolk og fastbuande, inn og ut av eit unikt veglaust samfunn. Fjellvåken, i fleire utgåver har gått trufast i rute i over 130 år.
Katamaranen, som Fjellvåken er, fossar dei 4 mila forbi fjellgardar i eit fantastisk landskap. Vassvegen er hovudvegen for dei som bur fast langs Møsvatn. Islegginga og smeltinga, gjer ein isolert i nokre veker vår og haust. Møsvatn på 918 MOH, er soleis ei unik oppleving ein aldri gløymer.
Båten landar og bli liggjande ved Liseth, så lenge at ein har god tid til å gå Kvennavegen og eller ein tur opp til Argefoss, som eigentleg er starten på industrieventyret. Kanskje få nyte noko godt å bite i og kaffe på Argehovd gard. Dette vert det gjeve eigen informasjon om på Fjellvåken, på veg inn!
Det er og eit fantastisk utgangspunkt for dags-, fiske- og telt turar, og ein naturleg starten på ein lengre fottur på Hardangervidda. På båten er det enkel servering, men ein kan bestille noko anna når ein bookar.
Parkering: Parkeringsavgift på brygga på Skinnarbu
Eit samarbeid med Nasjonalparksenteret, gjer at passasjerar på Fjellvåken får 20% rabatt på inngangsbilletten til Nasjonalparksenteret.
Lei båten til deg selv
Det går også an å leie båten og hele mannskapet – noe å tenke på for pensjonistlag eller andre lag, for eksempel når et gullbryllup eller en bursdag skal markeres.
Telefon: +47 907 50 250
Epost: info@fjellvaaken.no
Fasiliteter
Aktiviteter
- båtturer
Kapasitet
- 50-100 personer
Sesong
- juni - september
TripAdvisor
TripAdvisor Traveller Vurdering:
- Ypperlig5
- Svært bra1
- Gjennomsnitt0
- Dårlig0
- Forferdelig1
Video
- Se film om Fjellvåken